Padling

FJORD-FJELL-FOKUS 25-26.juni

LAURDAG 25.JUNI
09:30 Yoga 45 min. Oppvarming
11.00 Fjelltur med styrketrening på toppen med Lesley og Ingvild. Tempo på turen vel ein sjølv, moglegheit for rundtur på heia
11.00 Introkurs i padling med Ragnhild Tveiten. For nybyrjarar, inklusiv våttkort
11.00 Rulle- og redningsverkstad med Siren og Stefan Bracke frå Kajakkpilotane. Passar erfarne og uerfarne. Minimumskrav: introkurs
15.30 Yoga 60 min. Uttøying
19.00 Middag. Hovudrett og dessert frå Matglede på Bakkebø gard

SUNDAG 26.JUNI
09.30 Yoga 45 min. Oppvarming
11.00 Felles dagstur
Vi starter ved fjorden og padler til eigna destinasjon avhengig av været. Deretter tek vi beina fatt i fjellet og trener styrke og spiser matpakke med utsikt. Vi avrunder med Yoga før retur. For dei som ikkje ynskjer å padle vil det vere mogleg å køyre. Minimumskrav padling: introkurs.

PRISAR 
Dagprogram laurdag kr 800,-
Tillegg for leige av kajakk m utstyr kr 250,-
Middag kr 400,- (høve til å ta med drikke)

Dagprogram sundag kr 800,-
Kajakk m utstyr inkludert for dei som ikkje har eigen

PÅMELDING 
samspel.nat@gmail.com

 

 

 

Grunnkurs 16t:

Kurset går over to påfylgjande dagar med utgangspunkt i frå Lillingstonheimen.

Fyrste dag byrjar kurset med ei innføring i fornuftig bekledning, innføring i ulike typar kajakkar og ulike typar årer, og rett bruk av kajakk og kajakkutstyr. Deretter øvar vi på gode teknikkar for framdrift, manøvrering, ombordstigning, ilandstigning og meir.

Vi skal òg læra om sikkerhet, både gjennom diskusjonar og gjennom praktiske øvingar, blant anna skal vi øve på kameratredning av kantra padlar. Sjølvsagt blir det tid til å prøve ut ymse balansekunstar og annan moro. Med Siren som instruktør står badeglede sentralt!

Dag to legger vi opp som ein tur vi skal planlegge i fellesskap. Turmålet blir då bestemt av våre ynskjer, farvatn og værtilhøve.

Introkurs 4t:

Introduksjonskurset er kortversjonen av grunnkurset, og gjev ein enkel introduksjon til ulike kajakkar og utstyret vi brukar, samt grunnleggande padleteknikk. I tillegg vil mykje av undervisninga dreie seg om sikker padling og ulike redningsteknikkar. Viktigst av alt er sjølvsagt å ha det gøy!

Guida padletur/dagstur:

Beliggenheita til Lillingstonheimen er optimal for padling. Rett nedanfor huset ligg Dalsfjorden orientert vest-aust, og like ved startar Flekkefjorden, orientert nord-sør. Begge fjordane har lune viker, og flotte badenès, og i Dalsfjorden kan ein ta Laukelandsfossen i nærare augesyn. På varme (og kalde) sumardagar kan ein padle til Flekke og kjøpe is. Det er også fort gjort å køyre til Korssund eller Lammetun og legge opp til meir eksponert padling. Det er også mogleg å leige Snjostorm Oppleving til å halde kurs der du er, eller helst ynskjer å vere, når du er der! For lengre turar eller spesialtilpassa opplegg for større grupper så er det berre å ta kontakt.