Kva

Historiske Lillingstonheimen er ein sorenskrivargard frå 1808 oppførd i empirestil. Herskapshuset ligg landleg til på Tysse i Fjaler ved Dalsfjorden, eit flott utgangspunkt for turar både til fjords og til fjells.

Frå Lillingstonheimen driv vi i sumarhalvåret Snjostorm Oppleving som tilbyr guida padleturar og padlekurs med kajakkar og utstyr inkludert. I huset arrangerer vi minneverdige middagsselskap i samarbeid med fantastiske Matglede frå Bakkebø gard, og i eldhuset kan vi arrangere steinomnsbaking for mindre grupper. 

 

Ta gjerne kontakt på e-post for bestilling.