Huset og historia

Lillingstonheimen er ein herregard på Tysse i Fjaler med unik arkitektur, kunst- og kulturhistorie som er ivaretatt i huset, hagen og parken. Huset vart oppførd i empirestil av sorenskrivar Nils Landmark i 1808, men vart sidan kjøpt av presten Claude Augustus Lillingston. Lillingstonfamilien budde på Tysse i frå slutten av 1800-talet til slutten av 1960-åra og satte sitt preg på eigedommen. Særleg flott er den engelske hagen og biblioteket.

Husets fyrste etasje inneheld kjøken, ei spisestove, daglegstove, bibliotek og atelier/konsertsal og ei skrivestove. I andre etasje finst sju soverom med særpreg, og tre moderne bad.

I nærmiljøet til Lillingstonheimen ligg parken Fredensborg, med ei privat gravlund som vart anlagt av Landmarkfamilien. Dette er eit populært turområde.

 

Nettleseren din støtter ikke visning av iframe. Du kan se innholdet i rammen her