Arrangement

FJORD-FJELL-FOKUS 25-26.juni
Ei helg fylt med padlekurs, fjellturar, yoga og utandørs styrketrening. Sjå program under fana Padling eller les meir på facebooksida Snjostorm Oppleving

 

ELDHUSBAKING FOR GRUPPER
Eldhusbakarane arrangerer eldhusbaking for grupper (8 stk) i Eldhuset på Lillingstonheimen. Eldhusbakarane fyrer og setter deig på førehand, medan gruppa får delta på utbaking og steiking. Resultatet blir pizza eller boller til å nyte på staden og 32 brød som fordelast mellom gruppa. Pris kr 3200
Kontakt Thora Hovland for bestilling

 

ELDHUSBAKING FOR EIN
Eldhusbakarane lar deg få innsikt i deira hemmelegheiter til god bakst for kr 500. Då får du delta på deira bakstekveld med kaffi og kaffimat og 4 brød med deg heimatt. Frå kl 17 til kl 21 måndagar. Kontakt Thora Hovland for bestilling